Dette gjorde veka beitre // Veke 4

~ Då Siri sa ho ville dele troikaen sin med meg. Sjølv om me ikkje åt den var det fint at ho oppriktig hadde lyst å dele
~ At Marte kom på besøk
~ Arrangere ein huskonsert som vart skikkelig bra
~ 3. sesong av Girls



~ Å sende oppdatering på livet mitt til Robin som no er i Tyskland
~ Då eg snakka med pappa i telefonen så lenge at begge øyrene mine vart supervarme
~ Waiting for the moment av Vulfpeck 

Skulder mot skulder.

Me står skulder mot skulder. Svingar i takt, hoppar i takt, trampar i takt. Konserten er så energifyldt at det er like før det slår gnistar frå scena. Me dansar. Eg tek av meg jakka, men er enno varm, og eg kjennar korleis kjakane mine raudar, sjølv om det er for mørkt til at eg kan sjå det. Me syng med til lungane våre nesten brister. Klappar og jublar når favorittsongane kjem. Spessielt høgt syng me på "Lyrebird song". Grandma's Tea Party skuffar aldri.


Eg får låne pengar til ein øl. Tusen takk, det var snillt!, seier eg med munnen min heilt inntil øyra hennar. Musikken er høg og blandar seg med jubling og synging og andre røystar. Smeltar saman til eit massivt lydteppe. Eit slikt lydteppe det skal vere på konsertar. Eg smilar litt spørrande til ho. Hadde ho høyrt meg? Ho smilar tilbake og gir meg tommel opp. Eg tolkar det som eit værsågod.



Me vert verande litt lenger. Ventar på eit band me aldri har høyrt før. Ikkje eg i alle fall. Vokalisten har mjuk gensar og mjuk stemme og mjuke rørsler. Dei heitar Dråpe, og eg syns det er eit skikkelig bra bandnamn! Musikken er akkurat passe støyete. Vibrerar i øyro og luskar rundt beina mine. Salen er mørk og scena lysar opp med eit kaldt lys. Eg får kjennsla av å stå under vatn, medan lyset over havoverflata prøvar trenge seg ned til botn. Me står enno skulder mot skulder, og eg merkar kor mykje eg har sakna det. Kor mykje eg har sakna dei. 



Helst vil eg gå på konsertar heile tida, og helst saman med dei som eg syns er så himla bra. Men når det ikkje går er det også fint å ha slike minnar å sjå tilbake på.

Dette gjorde veka beitre // Veke 3

~ Då me starta lesegruppe og bestemte at me skulle lese Appelsinpiken
~ Å få ein lapp på senga frå romkameraten der det står at eg er eit fantastisk menneske
~ Bruke tre timar av laurdagen på å lese ut  Vest for solen, syd for grensen av Haruki Murakami



~ At frukosten vart utsatt ein time på laurdag
~ Å bli bedt så fantastisk på ball med rosebukett, ballongar, favorittsjokoladen, dikt og Come fly with me spelt på piano med eigenkomponert tekst 
~ Då me tok bandbileter på Plantasjen (sidan bandet heiter "Blom")
~ Mörkt av Veronica Maggio

Varme mot kulda.

Varme ullsokkar i kalde vintersko.
Ein kopp med varmt vatn, sitron og honning mot kald og vintervrien hals.
Varme hender på kalde kjakar.
Ein kakaokopp mot iskalde fingertuppar.



Ein lang og varm klem på ein kald torsdagsmorgo.
Varmt vatn i dusjen for å vaske vekk kalde og dumme tankar.
Varmt ullteppe rundt kald og frossen kropp.
Varmande ord mot slitent og kjølig sinn.

Dette gjorde veka beitre // Veke 2

~ Å høyre på Saktmodig Brudemarsj av Streif, medan snøen dala stille på ein tidleg januarkveld
 Då Siri sa smykket mitt var eit skikkelig askepott-smykke
 Å halde hender med vottar på



~ Boka Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold
~ Den gode, lange, unnskyldklemmen etter ein krangel
Å legge planar om songar ein vil speler i framtida, og ha trua på at det vil bli bra
~ Då skulen arrangerte Grand Prix og eg vart så himla stolt over å kjenne så mange flinke folk

Instagram // November

Rundt november eksploderte timeplanen min og det var pluttseleg hundre og ti ting å gjere på ein gong. Men november var så fin at den forten å få skine litt, sjølv om me tok farvel for ei stund sida.





Favoritten fordi den inneheld perlar som Something og Because // Kattepus klar for å sette hale på grisen med ein heil haug unger på Halloweenfest på Gjøvik





Hausen er magisk vakker // Boka eg har lyst å lese hundre gonger til





Favorittstrømpebuksa på festmiddag // Søkte tilflukt på Nobel Bopel i fleire timar då Bergen nesten vart vaska bort i haggel og regn



Finaste veslesyster med finaste sløyfa // Vart 20 år og fekk svære muffins med seigmenn





Fann den beste 80-talsstrikkegensaren på UFF i Oslo // Stilfulle 20 år gamle treningstips



Hurra for mandarinsesongen // Teller ned dagar til eg reiser til Colombia



Pakkar kofferten og er klar for avreise

Eg heiter på instagram som eg heiter her, fintikvardagen.

Meir av alt.

Det mest positive menneske eg veit om sa noko smart om tankane me alle gjer oss for det nye året. Ikkje tenk at du skal slutte å gjere noko, gjere mindre av noko, avgrense. Tenk at du skal gjere meir! Mosjonere meir, bruke meir tid med familie og vener, ete meir mat du har lyst å ete. Meir av deg sjølv! Om du tenkjer meir istaden for mindre trur eg det vil hjelpe deg å ta eit steg fram i lyst, heller enn å forminske seg sjølv i skuggen av andre.
Så i år skal eg ikkje slutte med noko ting som helst. Eg skal gjere meir av alt!


Eg har brukt mykje tid på å tenke på kva 2014 skal fyllast med. I kva for rettning skal eg rette fokuserte auge? Så den siste dagen i 2013 lukka eg augo og skreiv ei liste på insida av augelokka mine. Øverst stod det mot.
Eg skal tore meir i år. Bli med dei til den staden, sjølv om eg ikkje veit heilt korleis eg skal komme meg heim den kvelden. Tore vere med hundre prosent. Tore å gjere feil. Men også tore å spørre om hjelp utan å unnskylde meg for ting eg ikkje kan. Tore å vise andre songane eg har skreve, den teksten eg har byrja på, dei bileta eg er stolt over. Tore vere nøgd.
Det nye året kjem med ei meir modig Sunniva.


Under mot stod det positivitet. Eit opprikig smil på ein ordentleg blåmandag kan varme som eit ullteppe på ein frostkald vinterdag. Og positivitet smitter superfort! Så kunn med å trekke munnvikane opp mot øyrene, kan du ha redda ein annan sin tunge morgo. Tenk at det er så enkelt å gjere andre glad!
Ikkje gå inn i eit prosjekt og tenk at det vert slitsomt, men heller tenk at det vert lærerikt. Uansett utfall. Sei at du likte den prikkete skjorta hanner om du syns den var fin. Ikkje tenk at pianostykket er for vanskeleg, men at den er eit steg på ei læringskurve. Med positivitet kjem glede. Og glede er jo ca det beste som finnast!
Det nye året kjem med ei meir positiv Sunniva.


Under positivitet stod det takksemd. Fire små bokstavar. Takk. Og med det har du sagt at du vert glad for det nokon gjorde for deg, at du set pris på handlinga og at du set pris på omtanken. Er det ikkje flott at eit lite ord kan sei alt det?
No og då skal eg stoppe heilt opp og tenke gjennom kva eg er takksam for, samt kjenne på kor godt det er å faktisk ha noko å vere takksam for. Store ting som rein luft og moglegheita til å kunne kommunisera med andre, sjølv om dei er på andre sida av jordkloden. Små ting som marihøner, origamidragar og fargerik neglelakk. Kjennsler som stoltheit, kjærleik og spenning. Handfaste ting som gode bøker, mjuke putar og ferske blomebukettar. Vener, familie, klukkande latter, hjarter i kaffeskummet, togbilett til ein ny stad. Lista er så himla lang!
Det nye året kjem med ei meir takksam Sunniva.


Eg har berre så vidt fått ei tå innanfor dørstokken til 2014, men eg har så innmari trua på at dette skal bli eit bra år! Eit år med planar, sjansar, oppdagingar, lærdom, inntrykk og ei heil mengd med andre ting. 2014 skal bli eit år med meir av alt.

Dette gjorde veka beitre // Veke 47

~ Då eg hadde ord for dagen og fekk så bra med god respons at eg merka eg rødma litt
~ Å få høyre at eg kledde namnet mitt skikkelig godt
~ Å ta siste bilete på filmrullen og verkeleg ha trua på at det vert ein bra rull med bileter



~ Å finne ei stor og kjempemjuk kåpe på bruktbutikken som skal verne meg mot vinterkulda

~ Andletsmaske og te-søndag
~ Å sitte ved pianoet å pluttseleg få ein songidé
~ Dei morgoane då det låg eit slørete lag med frostrøyk over Mjøsa

Veke 45, veke 46.

Om den tida som er kald og varm samstundas.

Eg hevar skuldrane ein smule meir medan eg går, og gøymar haka i sjalet. Det store sjalet. For det er tida for det no. Eg har gløymt handskar og kjennar korleis kulda sprer seg i fingertuppane, stikker lett, sjølv om eg grev hendene så langt ned i lommene eg berre klarar. Var det ikkje lyst, no nettopp? tenker eg, medan skumringa tettnar seg rund meg. Men det er ikkje eit trist mørke. Det er eit slikt mørke som seier at no er det tid for varme ulltepper og kakao. Helst med så mykje krem at eg får ein pitteliten kvit prikk på nasetippen når eg tek første slurk.


Ute har naturen skifta til ny drakt. Eg syns det er så innmari pent at eg smilar og peikar til alle som er rundt meg. Sjå der da, sjå så fint! Naturen kler seg opp i flammande raudt og venleg orange, ispedd litt grønt som enno klamrar seg fast. Bakken vert pryda med eit fargerikt teppe. Eg får lyst å springe ut i fargehavet og lage ein virvelvind av alle bladane. Men eg gjer det sjeldan. Redd for skrå blikk med strenge augnebryn. Det ser kanskje litt rart ut? Joda. Men kva så? Derfor bles eg i dei skrå blika av og til, og sparkar og snurrar rundt i lauvet likevel, heilt til eg vert litt svimmel.


På ei speleliste ligg Odd Nordstoga, Ben Howard, Melissa Horn, James Blake, Bon Iver, Ane Brun, James Vincent McMorrow og The Radio Dept. Den høyrer eg på når eg ligg under ei tjukk dyne med føter som alltid er litt kalde på denne tida av året. Eg pakkar meg inn til ein stor, mjuk ball. Då tenker eg at no skulle nokon vore her og klemt meg. Berre fordi eg er så mjuk.
På ei anna speleliste ligg Veronica Maggio, Team Me, Haim, Two Doors Cinema Club, Fleet Foxes, Frank Sinatra, Mikhael Paskalev og litt meir Veronica Maggio fordi ho er så bra. Den høyrer eg på når eg dansar i tøfflar på kjøkkenet om morgoen, medan eg ventar på at kaffen skal bli klar. Eller når eg har vener på besøk og det er grått ute, men me smilar inne.


Eg veit ikkje kva det er med denne årstida som fengslar meg slik. Som får meg i slik eit lunt og godt humør. Det er aldri tvil når nokon spørr meg kva for tid på året eg likar best. Det er denne. Sjølv om det regnar i enorme mengdar, eller bles hardt sidelengs. Eg finn alltid lystpunkt som gjer denne tida fin. Og kanskje er det nettopp fordi det vert mørkare at dei lyspunkta vert forsterka. Skin endå sterkare.


Kjære haust, du går vel ikkje enno? Bli verande litt til, er du snill.

Dette gjorde veka beitre // Veke 46

Nok ein gong kjem søndagslista på mandag. Kanskje det heller skal bli ei mandagsliste? Dette tilsette i alle fall litt ekstra sukker i veke 46.

~ Då eg fekk lapp frå romkameraten på senga
Å sjå "Before sunset" som hadde heilt perfekt slutt
~ Då Oscar holdt ord for dagen og oppfordra oss til å gjere det beste ut av kva du har her i livet, og det var så sterkt og fint at alle gråt og applauderte i fleire minutt etterpå


~ Å byrje å sjå Skins og like det skikkelig godt frå første episode
~ Å innsjå at eg ikkje er stressa på å bli 20 år lengre. Trur det skal bli ganske så bra
~ At Asle sa Jennifer Lawrence ligna på meg med den nye klippen sin
~ Å gå den første turen med det store, varme sjalet mitt

Les mer i arkivet » Januar 2014 » November 2013 » Oktober 2013
hits