Det var kaldt ute, men varmt inne.

Eg vil påstå at helgas hyttetur var ganske så heilt fantastisk.
Me satt oss rundt eit bord på Tre brør, som er den finaste caféen på heile Voss, og som har ein tyrkis sofa eg ville gitt CD-samlinga mi for å ha i min framtidige bustad. Eg gjekk i gul gensar og strikka på lua til far. Me spelte kort og drakk varm drikke. Me snakka om litt sånn og litt sånn. Caféprat. På tallerknane våre låg det nanbrød-pizza, som er ein smågenial idé om du spørr meg. Alle var berre glade og stråla. Eg hadde med meg den raude halsen Erik har strikka til meg. Heilt sjølv. Alt var så fint. Det var kaldt ute, men varmt inne.





Me hadde god drikke i glaset. Amazing, om du skal tru etiketten. På kjøkkenet dansa me uklart til Fjorden Baby og Dirty Loops. Litt Stevie Wonder også. I sofaen satt me så tett, så tett og sang høgt medan tonane rulla ut frå både piano, ukulele, munnharpe og gitar. Me la slike planar som aldri vil skje, men som er fantastisk å planleggja likevel. Planar om musikkvideoar, reiser, festar, danning av band, sprell og fantestrekar. Nokon gonger lo eg så mykje at eg måtte tørke tårer frå augekroken. Me gjekk ut for frisk luft. Det var kaldt ute, men varmt inne.


Under den raude strøpebuksa hadde eg ull. Ull mot huden. Det beste på vinterkalde dagar. For det var kaldt ute, men inne var eg varm. Heilt innerst i heile meg. Varm av glede. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits