Ein kjærleg tirsdag.


Me gjorde ikkje eit stort nummer ut av at det var valentinsdag. Ikkje noko nummer i det heile faktisk. Men likevel var dagen full av små kjærleiksstundar:

 Vakne til denne meldingen: "Hei elskling. Håper du får en super yes ja dag, spesielt siden det er valentinsdag og sånn, men mest fordi du er deg. Kjærleik"
 Smile til kvarandre så tett, så tett. Nasetipp mot nasetipp.
 Høyre vinden ule utanfor, men sjølv ligge inne og kysse på ein varm hals.
 Bestille endå ein ting som er vår. Saman.
 Vere trøyt og få lov til å duppe av, medan han tullar eit teppe tett kring meg. Min eiga, lune kokong.
 Sei fine ting til kvarandre med litt låg stemme.
 Sjå film som var så vond at den fekk meg til å skjelve, men ha han der til å halde hardt i handa og gråte litt inntil.

Håpar din dag også har vore kjærleiksfull og fin. Og at det kjem mange fleir slike dagar. Sjølv om det ikkje 14. februar og dagen heiter "Valentines day".

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits