København, del 1.

I byrjinga av januar reiste eg med klassen min til Danmark sin hovudstad. Fine, sjarmerande, vindfulle København. Det var så heilt perfekt! Me var på museum, gjekk på opera, fekk omvisning på konservatoriet, åt mengder med sandwich (å, så ubegripelig gode danskane er på sandwich!), me gjekk opp og ned gatar og smilte ned i varme sjal. Me såg på kronjuvelene, som var så overvelmande og glittrande og detaljrik at eg måtte nokon gong lukke augo for ikkje å drukne i alle diamantane.
Om kveldane satt me i baren og snakka høgt til langt på natt. Hostelet hadde rosa vegger og kart, lappetepper, globusar og utradisjonelle pynteting over alt. I ein krok hadde dei laga ein stor flate med putar der ein kunne kvile kropp og sjel. Ein kosekrok. Så himla perfekt!
Heile turen var me samla som ein stor gjeng og gjorde ikkje anna enn å kose oss i kvarandres selskap.








Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits