København, del 2.












Etter fire heidundranes gledlege dagar skulle me heim. Det var litt trist, men også heilt greit. Eg reiste heim med ein rød koffert full i fine stundar og biletar som prøvde fange augneblinkets gode stemning. Kameraet mitt inneholdt biletar av god mat, vener eg syns så enormt godt om, som smilte, var trøytte, laga grimaser og lata som dei tok bandbiletar, hustak og gater, butikkar, parkar og seine kveldar.
Men det var mange augneblink kameraet mitt ikkje fanga. Som då eg spurte læraren min om han ville ha eit glas saft, og han lo skikkelig høgt og klappa meg på hovudet. Som då me nokre gonger dansa litt berre fordi me hadde lyst. Som då me lo så mykje at me gjekk tom for luft. Som då eg var så glad over å vere i København med dei beste folka eg kjente at eg beit meg i underleppa. Dei augneblinka fotograferte eg med hukommelsen.

Én kommentar

marte

24.feb.2012 kl.13:12

Ååååååååååå du er fin du!

Skriv en ny kommentar

hits