Humørsjuk.


Byen er humørsjuk. Den skifter mellom å gråte strie straumar og stråle varmt og venleg. Rett som det er kjem kalde, små dråpar og finn vegen ned langs nakken min. Men så, pluttseleg. I tjue minutt, ein time, kanskje to, dyttar sola gråværet til sides og smilar frå eit lyseblått lerret. Det kjem til og med pittesmå blomar på yndlingstreet mitt! Dei augeblinka er verd ei veke med gråver.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits