Sol, sommar og Sofie.

Det skjønne andletet bak denne fine lista kom på besøk på Noreg sin bursdag. Velkommen, Sofie! Dagen etter vart ein av dei dagane då kroppen er litt tung, men på den gode måten. Ein går sakte i sola som pluttseleg strålar med all sin kraft. Ein kjenner vinterbleik hud bli varmare. Kroppen er ein skranglete sykkel og sola er smøreolja som gjer den mjuk og lett att.


Med frisk smoothiesmak enno på tunga, gjekk me gjennom nydelege Skostredet. Kvar gong eg har mogelegheita går eg innom Boogaloo, som regel berre for å nyte 50- og 60-tals stemninga som har eksplodert der inne. Denne gongen var eg så heldig å komme over eit fjørlett, sjarmerande skjørt på sal, pynta med Eiffeltårnet. No er det mitt nye sommarskjørt nr. 1!




På ein grøn grasflekk i byn sat eg og Sofie og snakka om livet på musikklinja. Ho i Haugesund, eg i Bergen. Det er så fint med vener som brenn for det same som deg. Eg drakk ein bringebær og druejus og håpa sommaren ville vare evig.


Me åt lunsj på Matbørsen og bestite begge ein seranosandwich. Jøjemeg så godt!



Seinare på kvelden såg meg sjølvsagt Eurovision Song Contest og drukna nesten i paljettar og konfetti, medan ein stødig og kraftig bass dirra i ryggmargen. ESC er eit fantastisk merkeleg og herleg konsept. Det vart avstemning og vips var ein aldeles strålande laurdag over. Takk for besøket, Sofie!

Én kommentar

Sofie

20.05.2013 kl.21:33

Veldig, veldig hyggelig å komme på besøk! :)

Skriv en ny kommentar

hits