Dette er livet mitt akkurat no.

Etter at Erik fiksa LP-spelaren min (takk så himla mykje!), har eg høyrt på LPar nesten kvar morgo. Favoritten for augneblinken er The Beatles med Abbey Road. Den spelar eg medan eg enno går barbeint og opnar vindauget for å trekke inn frisk luft. Here comes the sun, syng dei. Og det gjer den jammen meg også!


Når dagane vert lysare, vert også fargen på leppene lysare. Wonderful, S Honey eller Young blood frå Makeup Mekka er alltid med i veska, og passar fint til små frekner på nasen.


Eg har heilt fullstendig funne att lesegleda, og har så vidt bladd om siste sida av ei bok før eg hiv meg over ei ny. Sommarens prosjekt vert å lese om att alle Harry Potter bøkene. Å, som eg gleder meg! Har ein slik enorm kjærleik for denne magiske verda, og håpar enno at brevet mitt frå Galtvort berre har rota seg bort i posten.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits