Skulder mot skulder.

Me står skulder mot skulder. Svingar i takt, hoppar i takt, trampar i takt. Konserten er så energifyldt at det er like før det slår gnistar frå scena. Me dansar. Eg tek av meg jakka, men er enno varm, og eg kjennar korleis kjakane mine raudar, sjølv om det er for mørkt til at eg kan sjå det. Me syng med til lungane våre nesten brister. Klappar og jublar når favorittsongane kjem. Spessielt høgt syng me på "Lyrebird song". Grandma's Tea Party skuffar aldri.


Eg får låne pengar til ein øl. Tusen takk, det var snillt!, seier eg med munnen min heilt inntil øyra hennar. Musikken er høg og blandar seg med jubling og synging og andre røystar. Smeltar saman til eit massivt lydteppe. Eit slikt lydteppe det skal vere på konsertar. Eg smilar litt spørrande til ho. Hadde ho høyrt meg? Ho smilar tilbake og gir meg tommel opp. Eg tolkar det som eit værsågod.



Me vert verande litt lenger. Ventar på eit band me aldri har høyrt før. Ikkje eg i alle fall. Vokalisten har mjuk gensar og mjuk stemme og mjuke rørsler. Dei heitar Dråpe, og eg syns det er eit skikkelig bra bandnamn! Musikken er akkurat passe støyete. Vibrerar i øyro og luskar rundt beina mine. Salen er mørk og scena lysar opp med eit kaldt lys. Eg får kjennsla av å stå under vatn, medan lyset over havoverflata prøvar trenge seg ned til botn. Me står enno skulder mot skulder, og eg merkar kor mykje eg har sakna det. Kor mykje eg har sakna dei. 



Helst vil eg gå på konsertar heile tida, og helst saman med dei som eg syns er så himla bra. Men når det ikkje går er det også fint å ha slike minnar å sjå tilbake på.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits