Om den tida som er kald og varm samstundas.

Eg hevar skuldrane ein smule meir medan eg går, og gøymar haka i sjalet. Det store sjalet. For det er tida for det no. Eg har gløymt handskar og kjennar korleis kulda sprer seg i fingertuppane, stikker lett, sjølv om eg grev hendene så langt ned i lommene eg berre klarar. Var det ikkje lyst, no nettopp? tenker eg, medan skumringa tettnar seg rund meg. Men det er ikkje eit trist mørke. Det er eit slikt mørke som seier at no er det tid for varme ulltepper og kakao. Helst med så mykje krem at eg får ein pitteliten kvit prikk på nasetippen når eg tek første slurk.


Ute har naturen skifta til ny drakt. Eg syns det er så innmari pent at eg smilar og peikar til alle som er rundt meg. Sjå der da, sjå så fint! Naturen kler seg opp i flammande raudt og venleg orange, ispedd litt grønt som enno klamrar seg fast. Bakken vert pryda med eit fargerikt teppe. Eg får lyst å springe ut i fargehavet og lage ein virvelvind av alle bladane. Men eg gjer det sjeldan. Redd for skrå blikk med strenge augnebryn. Det ser kanskje litt rart ut? Joda. Men kva så? Derfor bles eg i dei skrå blika av og til, og sparkar og snurrar rundt i lauvet likevel, heilt til eg vert litt svimmel.


På ei speleliste ligg Odd Nordstoga, Ben Howard, Melissa Horn, James Blake, Bon Iver, Ane Brun, James Vincent McMorrow og The Radio Dept. Den høyrer eg på når eg ligg under ei tjukk dyne med føter som alltid er litt kalde på denne tida av året. Eg pakkar meg inn til ein stor, mjuk ball. Då tenker eg at no skulle nokon vore her og klemt meg. Berre fordi eg er så mjuk.
På ei anna speleliste ligg Veronica Maggio, Team Me, Haim, Two Doors Cinema Club, Fleet Foxes, Frank Sinatra, Mikhael Paskalev og litt meir Veronica Maggio fordi ho er så bra. Den høyrer eg på når eg dansar i tøfflar på kjøkkenet om morgoen, medan eg ventar på at kaffen skal bli klar. Eller når eg har vener på besøk og det er grått ute, men me smilar inne.


Eg veit ikkje kva det er med denne årstida som fengslar meg slik. Som får meg i slik eit lunt og godt humør. Det er aldri tvil når nokon spørr meg kva for tid på året eg likar best. Det er denne. Sjølv om det regnar i enorme mengdar, eller bles hardt sidelengs. Eg finn alltid lystpunkt som gjer denne tida fin. Og kanskje er det nettopp fordi det vert mørkare at dei lyspunkta vert forsterka. Skin endå sterkare.


Kjære haust, du går vel ikkje enno? Bli verande litt til, er du snill.

Én kommentar

Bodil

19.11.2013 kl.07:01

:)

Karoline

24.11.2013 kl.02:19

Du skriver så bra at jeg bare måtte: http://karolinerm.blogspot.no/2013/11/bloggtips.html

Skriv en ny kommentar

hits