Dette gjorde veka beitre // Veke 45

Me hadde eit latterleg bra laurdagsseminar der forelesaren utfordra oss til å tenke litt før ein la seg og fastslå ein ting som hadde vore bra akkurat den dagen. Eg syns dette var eit riktig så fint konsept! Så fint at eg tok det i bruk med det same. Derfor skal eg byrje med ei fast søndagsliste der eg samlar opp alle tinga som har vore bra gjennom veka. 

Eg juksar litt og kjem med den første lista i dag, sjølv om det er mandag. 

Så med dette klippar eg den raude sliketråden og erklærer søndagslista om kva som gjorde veka beitre for åpna! Hurra!


Å settje ny film det det analoge kameraet 
Då me fekk fine julesongar me skal syngja i kammerkoret 
Ligge i ti minutter under ei varm dyne og berre høyre på lett regn på vindaugsruta
Å få høyre at "Du snakkar litteratur"
Då eg høyrte den nye songen til Mathias og den var så fin at eg måtte gråte litt
Då eg fekk overraskingsbesøk av heilskjønne jentar
Monica Heldal sitt debutalbum "Boy from the north"

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits