Meir av alt.

Det mest positive menneske eg veit om sa noko smart om tankane me alle gjer oss for det nye året. Ikkje tenk at du skal slutte å gjere noko, gjere mindre av noko, avgrense. Tenk at du skal gjere meir! Mosjonere meir, bruke meir tid med familie og vener, ete meir mat du har lyst å ete. Meir av deg sjølv! Om du tenkjer meir istaden for mindre trur eg det vil hjelpe deg å ta eit steg fram i lyst, heller enn å forminske seg sjølv i skuggen av andre.
Så i år skal eg ikkje slutte med noko ting som helst. Eg skal gjere meir av alt!


Eg har brukt mykje tid på å tenke på kva 2014 skal fyllast med. I kva for rettning skal eg rette fokuserte auge? Så den siste dagen i 2013 lukka eg augo og skreiv ei liste på insida av augelokka mine. Øverst stod det mot.
Eg skal tore meir i år. Bli med dei til den staden, sjølv om eg ikkje veit heilt korleis eg skal komme meg heim den kvelden. Tore vere med hundre prosent. Tore å gjere feil. Men også tore å spørre om hjelp utan å unnskylde meg for ting eg ikkje kan. Tore å vise andre songane eg har skreve, den teksten eg har byrja på, dei bileta eg er stolt over. Tore vere nøgd.
Det nye året kjem med ei meir modig Sunniva.


Under mot stod det positivitet. Eit opprikig smil på ein ordentleg blåmandag kan varme som eit ullteppe på ein frostkald vinterdag. Og positivitet smitter superfort! Så kunn med å trekke munnvikane opp mot øyrene, kan du ha redda ein annan sin tunge morgo. Tenk at det er så enkelt å gjere andre glad!
Ikkje gå inn i eit prosjekt og tenk at det vert slitsomt, men heller tenk at det vert lærerikt. Uansett utfall. Sei at du likte den prikkete skjorta hanner om du syns den var fin. Ikkje tenk at pianostykket er for vanskeleg, men at den er eit steg på ei læringskurve. Med positivitet kjem glede. Og glede er jo ca det beste som finnast!
Det nye året kjem med ei meir positiv Sunniva.


Under positivitet stod det takksemd. Fire små bokstavar. Takk. Og med det har du sagt at du vert glad for det nokon gjorde for deg, at du set pris på handlinga og at du set pris på omtanken. Er det ikkje flott at eit lite ord kan sei alt det?
No og då skal eg stoppe heilt opp og tenke gjennom kva eg er takksam for, samt kjenne på kor godt det er å faktisk ha noko å vere takksam for. Store ting som rein luft og moglegheita til å kunne kommunisera med andre, sjølv om dei er på andre sida av jordkloden. Små ting som marihøner, origamidragar og fargerik neglelakk. Kjennsler som stoltheit, kjærleik og spenning. Handfaste ting som gode bøker, mjuke putar og ferske blomebukettar. Vener, familie, klukkande latter, hjarter i kaffeskummet, togbilett til ein ny stad. Lista er så himla lang!
Det nye året kjem med ei meir takksam Sunniva.


Eg har berre så vidt fått ei tå innanfor dørstokken til 2014, men eg har så innmari trua på at dette skal bli eit bra år! Eit år med planar, sjansar, oppdagingar, lærdom, inntrykk og ei heil mengd med andre ting. 2014 skal bli eit år med meir av alt.

Én kommentar

t-bag

07.01.2014 kl.23:21

åherregud du skriver så bra at jeg nesten tisser på meg

Jarle Aksnes

07.01.2014 kl.23:49

Veldig flotte tanker/planer, kjempestart på 2013

Skriv en ny kommentar

hits