Kvardagsfint.

Skulder mot skulder.

Me står skulder mot skulder. Svingar i takt, hoppar i takt, trampar i takt. Konserten er så energifyldt at det er like før det slår gnistar frå scena. Me dansar. Eg tek av meg jakka, men er enno va...

Varme mot kulda.

Varme ullsokkar i kalde vintersko. Ein kopp med varmt vatn, sitron og honning mot kald og vintervrien hals.Varme hender på kalde kjakar.Ein kakaokopp mot iskalde fingertuppar.Ein lang og varm klem ...

Instagram // November

Rundt november eksploderte timeplanen min og det var pluttseleg hundre og ti ting å gjere på ein gong. Men november var så fin at den forten å få skine litt, sjølv om me tok farvel for ei stund sid...

Meir av alt.

Det mest positive menneske eg veit om sa noko smart om tankane me alle gjer oss for det nye året. Ikkje tenk at du skal slutte å gjere noko, gjere mindre av noko, avgrense. Tenk at du skal gjere me...

Om den tida som er kald og varm samstundas.

Eg hevar skuldrane ein smule meir medan eg går, og gøymar haka i sjalet. Det store sjalet. For det er tida for det no. Eg har gløymt handskar og kjennar korleis kulda sprer seg i fingertuppane, sti...

Instagram / Oktober

Ein anna stad på internett såg min oktober slik ut. Takk for følge, oktober!Elsker å bruke eviglang tid på Bergen Bibliotek // Minstefetter feira to år og fekk pynte kaka sjølvMed haustsol kom også...

Instagram / September

Ein anna stad på internett såg altså min september slik ut.Eg bur no rett attmed Mjøsa og er litt forelska i den // Ny pult på nytt rom på ny stad.Sakner Berge av og til // Mimrer over Beady Belle ...

Om å strekke hovudet ut av den vonde bobla.

Nokon gonger brasar ein ny dag inn og dreg med seg så mykje vondt at du skulle ønske du hadde montert ein ekstra lås på døra. Pluttseleg forsvinn bakken under deg og lufta rundt deg. Noko slår deg ...

Enno heime.

Eg har flytta. Eg har pakka livet mitt ned i pappesker, pusta djupt inn og tatt mitt første skritt over dørterskelen. Eit skritt mot ein heilt ny by, med heilt nye menneske. Eit skritt mot ein heil...

Eg sakner å vakne opp til lyden av tre.

Nesten innerst i ein av Sognefjorden sine mange armar, ligg ei lita perle av ei bygd. Det er som eg har halde pusten medan eg var i byen, og endeleg får pusta ut, akkurat i det me køyrer forbi skil...

Vinkar hei.

Eg vinkar hei til sommardagar og sommarjobb, til venar som vert verande til 04.00 og myggstikk som dukker opp over alt. Eg vinkar hei til fine kvardagar med sommar og til alle dykk som kjem innom h...

Ein vert aldri lei.

Om du har noko fint å sei, så sei det. Og gjett om eg har mykje fint å sei om venane mine! Men det viktigste er at eg set himmelhøgt pris på dei, alle saman. Det burde eg eigentleg sei til dei heil...

Te deg og hine.

På eit glinsande kjøleskap i eit hus på Johanneshøgda, fann eg denne bodskapen. Eg trur eigentleg ikkje det betyr noko som helst, men det klang ganske fint likevel, gjorde det ikkje?

Då me sprang mot solnedgongen.

Musikk // Ben Howard - Old PineEg satt saman nokre av klippa frå hytteturen til Algrøy(les innlegget om Algrøy her,om du vil), som vart til denne vesle videoen.Av og til lagar eg filmar, ser gjenno...

Algrøy.

Me bytta ut brustein med grusveg, lyden av bilhorn med lyden av sauebreking. Ettersom me kom lenger vekk frå byen vart husa mindre og omgivnadane grønare. Med eit hjarte som bankar for bygdenorge v...

Konsertparadiset ved bryggekanten.

Eg går med snakkesalige vener i ei sterk, orange sol, og skuggene bak oss vert lange og tynne. Dei veks med skritta våre, som går mot nydelege Verftet. Steg for steg mot sjøen, mot musikken, mot fo...

Når noko er så innmari bra.

Eg vekslar mellom å ha skyhøge skuldre og å slappe så mykje av at eg nesten gløymer å puste. Samstundes jobbar eg med å skrive eit innlegg om årets Nattjazz, men det er ikkje så enkelt. Når noko er...

Dette er livet mitt akkurat no.

Etter at Erik fiksa LP-spelaren min (takk så himla mykje!), har eg høyrt på LPar nesten kvar morgo. Favoritten for augneblinken er The Beatles med Abbey Road. Den spelar eg medan eg enno går barbei...

Sol, sommar og Sofie.

Det skjønne andletet bak denne fine lista kom på besøk på Noreg sin bursdag. Velkommen, Sofie! Dagen etter vart ein av dei dagane då kroppen er litt tung, men på den gode måten. Ein går sakte i sol...

Humørsjuk.

Byen er humørsjuk. Den skifter mellom å gråte strie straumar og stråle varmt og venleg. Rett som det er kjem kalde, små dråpar og finn vegen ned langs nakken min. Men så, pluttseleg. I tjue minutt,...

Ei svart/kvit verd, del 4.

1. To stykk jenter eg helst vil klemme til ein kvar tid.2. Ringen frå Roma.3. På lokaltoget til Voss.4. Bergen sine smågater har mitt hjarte. Alltid.

lata60.

Heim frå Polen i februar tok eg med meg denne herlege, vesle boka. Den har fanga eit heilt tiår på trehundre sider, gjennom småleg kornete svart-kvit bileter, og korte kommentarar på engeslk, tysk ...

Fargerike venar.

Verda burde hatt fleire store blomehagar.Ikkje den typen som er latterleg symetrisk og der alt er trimma ned til det minste roseblad, men den typen hage der blomane får vekse litt slik dei vil og d...

Litt nærare.

Han er i Tyskland og eg saknar han. Ikkje eit slikt sakn som tyngar i magen og gjer at eg riv meg i håret, men eit slikt sakn som gjer at eg tenkar litt ekstra på han og ikkje tek av meg ringen eg ...

Ei svart/kvit verd, del 3.

1. Å lage skuggebileter er ein kust som aldri vert gamal.2. Hei, Eirik!3. Det er ikkje sant at blomar ikkje kan vere vakkre fargelause.4. Yndlingstreet mitt om vintaren.

Samlinga.

Sidan eg slutta med å samle på serviettar, glansbilete og klistremerkar har eg eigentleg ikkje samla på noko. Men då mamma kom heim frå London med den første Mummitrollkoppen bestemde eg meg berre ...

11 rakettar.

Til hausten samlar eg saman det aller viktigaste eg har i hyller og skåp, og flyttar hovudbase frå Bergen til Gjøvik. Det gjer at eg sett ekstra pris på dei gongene heile familien samlast til fest....

Ender og detektiver.

Då eg var på loppemarknad for nokre dagar sidan kom eg heim med desse to tinga i sekken: Eit sjal med ender og i ei slik marineblå farge som eg likar så godt, samt ei Nancy Drew-bok frå 1974.Det fi...

Me kan jo vente saman?

Hei!Foto: Thea Emilie H. WangNo er eg her att og vinkar til alle dykk gjennom eit internettvindauge. I vinduskarmen står det vårknuppar, men dei frys enno litt. Eg håpar så inderleg våren, den ekte...

Ei svart/kvit verd, del 2.

1. Eg likte at det ikkje var noko dårlige greier i smoothien, så eg tok den med som proviant på toget.2. Gamle hus med bordar er alltid like dekorativt!3. Johanne, du er så fin!4. Polaroidveggen mi...

Pustehol.

Det som får dagane mine til å gå like lett som eit velsmurd maskineri er dei små pustehola. Nokon av dei er veldig etterlengta, nokon av dei hoppar pluttseleg fram og overraskar ein. Uansett er dei...

Ei svart/kvit verd, del 1.

Hurra for å få tilbake ein film med masse fine svartkvitt bileter frå overalt og no og då.1. Kjære Bergen som har så mange flottehus om du berre løftar blikket littegrann.2. Mandagskonsert med Voks...

Eg har:

Hei, eg er tilbake!Påska er over, dagane vert lengre og små krokusar kryp sakte mot overflata for å sjå om kysten er klar for å sprette ut. Er det blitt vår?Eg har tatt litt fri og lest og lest og ...

Extremely loud & incredibly close.

Saman med Balansekunst av Rohinton Mistry, er Extremely loud & incredibly close av Jonathan Safran Foer ei av dei beste bøkene eg har lese.Me møter ni år gamle Oskar. Oppfinnar, smykkemakar, franko...

Ettersom me begge vert eldre.

Min kjære veslesyster hadde bursdag for ei lita sund sidan. Pluttseleg var ho ikkje så lita lenger. Jøss, tenåring. Ho laga sine eigne dekorasjonar og baka appelsinmuffins med sjokoladefyll. Mamma ...

In medias res.

Den siste tida har eg jobba inntenst med Langhaugenrevyen 2013, In medias res, og i dag kan eg stolt melde at det er duka for premiere! Bandet stemmer i med 70-tals funk, sexy pop og røffe gitarrif...

Berre fordi folka er bra.

Nokon festar er bra fordi spelelista var heilt perfekt, andre fordi nokon ut av det blå bestem seg for å kle seg ut i dei raraste kostymane. Nokon festar er rett og slett bra berre fordi folka er b...

Speleliste-lise: Bak lukka auge.

Eg lova ei veninne å lage ei liste med utdrag frå ei av spelelistane mine. Så her kjem den:Bak lukka auge Ei speleliste til å ha på turar i grålysninga med frost på bakken. Ei speleliste til å høy...

Det er nett slik det skal vere.

Med min syster sine nybakte muffins i ei korg går eg gjennom sentrum og kjenner januarkvelden klype meg lett i kjakane. Begravar andletet i eit stort sjal og hendene i djupe lommer. Men all kulde f...

Då det nye året bryja.

Dagen før nyttårsafta tok eg tåget til Geilo. Saman med blide gutar diskuterte me framtida medan landskapet utanfor vart kvitare og kvitare. Melkesjokoladen gjekk på rundgong, det same gjorde latte...

Den andre filmen i rekka.

For nokre månadar siden laga eg denne filmen. Min aller første, vesle film. Grunna alle de som heia på meg, har eg no laga ein til.Denne gongen er det ingen som dansar eller drikk vin. Denne gongen...

Julehelsing frå dronning Sunniva.

Eg elskar jul, med kvart fiber i kroppen min. Lukta av pinnekjøt som heng tungt i gangen.Å trippe rundt på høge hæler i stova og alltid minne meg sjølv på å ete middagen sakte, sakte.Mellom krumkak...

Førjulstemning.

Sjå på kjekke gutar spele ludo med slik iver og innsats at ein skulle tru det sto om livet, og høyre den enorme jubelen då vinnaren vert kåra. Dele ut små og morosame gåver frå secret santa med skj...

På treet med ein tanke.

I dag kjøpte eg desse vakkre julekulane. All inntekta gjekk til hjelpearbeid for mellom anna barneheimar i Romania og hjelp til flomofre på Haiti, og kulane var handlaga av vanskelegstelte ungdom o...

Juleverkstad.

På laurdag fann eg fram alt eg hadde av glitter, fargepapir, måling og fargetusjar og låg det uover langbordet, som for anledninga var ikledd prikkete voksduk. Eg hadde invitert til juleverkstad og...

Ut vindauget.

For tre dagar sidan såg det slik ut då eg såg ut vidauget mitt. Vær så snill, kjære snø, kom tilbake til jul.

Ser tilbake i arkivet.

I det siste har eg ikkje heilt funne dei riktige orda. Dei kjem seg ikkje heilt ut i fingartuppane. Helst ville eg jobba med gøye og fine innlegg med blondekant til kvar nye dag, men det går ikkje....

Pittelitt forandring.

Flotte, flinke Johannevar ein knupp og laga header for meg heilt i byrjinga då alt dette var nytt og ukjend. Då laga ho desse blomane og sløfane og kissebæra, og Erik fylde på med farge. Eg kunne i...

Det fortener ein klem.

To hendingar. To polaroidbileter.Ein tidleg fredagsmorgo for ein stund sidan stod Thea utanfor døra mi. Eg tok nybakte scones ut frå omnen og tente lys. Saman åt me frukost. Me var berre to, men de...

Kveldsmat.

Jo David spurte om eg ville komme på kveldsmat heime hjå han. Eg sa ja og hadde lyst å sei ja tusen gonger til. Med ein applecrisp (som er ein lett form for eplepai) under armen gjekk eg saman med...

Dagen før og sjølve dagen.

12. november. Dagen før bursdagen min.Mamma hadde kjøpt nydelege roser som strålte midt på langbordet. På kjøkkenet lukta det middag og dessert om ein annan. Eg skulle feire bursdagen min med famil...

Ein slik kveld.

Etter ei veke med det som kjentes ut som total isolasjon kom samenkomsten i går som sendt frå himmelen. Det var ein slik kveld då eg nett som det var fann meg sjølv nesten liggande på golvet og le ...

Novembre.

Når ting kan vere både praktisk og fint vert eg glad. Det er denne kalenderen frå Italia. Den har illustrasjonar av flosshattar, mopedar, fugleskremsel og merkelege menneske. Alt i den perfekte ...

Ein park på Sicilia.

Å vere sjuk tek veldig på humøret. Så i staden for å småfurte under eit ullteppe, konsentrerte eg heller all min energi til å draume meg tilbake hit. Ein park på Sicilia. Med kvar sin bok satt eg ...

The greate Life photographers.

Eit av mine aller beste bokkjøp nokon gong er denne boka. The Greate LIFE Photographers. Den vart med heim frå Museum of Modern Art i New York, og det er eg så himla glad for. Dei 698 mest spanand...

Dagen etter festen.

Eg er like glad i borneselskap som ein fireåring. Det er noko med den felles gleda, og den enkle gleda i slike selskap. Gje ungane kake, leik og ballongar og dei strålar av ekte lykke.Men no som eg...

Litt ekstra sjel.

Dei dagane det brenn i halsen og alt er ekstra tungt og kaldt og vanskeleg, finn eg fram dei analoge bileta mine. Småturar i parken eller til biblioteket åleine, frukost eller eit glas vin saman me...

No, akkurat no, har eg det veldig bra.

I helga pakka eg ned raggsokkar saman med ein ullgensar med blondekant, og reiste på hyttetur. Elevar ved musikklinja samla seg alle under eit tak dekka med denne vinteren sitt første snødekke. Eit...

Ord frå veslesyster.

Ein søndag ettermiddag gjekk eg ein tur kunn for å suge til meg kvar einaste bit av hausten som var på hell. Eg tok med polaroidkameraet mitt og foreviga to haustminner.Då eg kom heim spurte eg ves...

Ver litt superhelt.

Over pulten min heng denne kanina i superheltkostyme. Kva gong eg ser på dette minner eg meg sjølv på å vere litt super.Så no oppfordrar eg deg også til å vere superhelt. Men ikkje ein slik superhe...

Dei som held meg varm.

Me er tre saman på eit kjøken og lagar kake sjølv om det berre er ein vanleg tirsdag. Ingeborg og eg drikk heimelaga cappuccino frå keramikkoppar. Iselin drikk te. Vispen går på rundgong og me bytt...

Ein takk til alle.

Ein takk til alle de snille som gjev gode ord om filmen i gåve. Det gjorde meg så utruleg glad og gav meg ein haug med pågongsmot!Ein takk til Erik som gjer alt så mykje beitre, og lagar havregraut...

Den første filmen i rekka.

Her er små klipp, som til saman vert ein liten snutt frå den gongen me var hjå Iselin og dansa under skråtaket og såg på ein kvit måne frå verandaen. Den aller første i rekka over filmer eg har lag...

Festglede.

Dei beste festane er dei då me dansar meir enn me sitt stille. Då me kneker oss saman så ein til kan sitte i sofaen, sjølv om det eigentlig ikkje er plass. Bileta ein tek vert uklare eller alt for ...

1 år.

Tenk. I dag er det eit heilt år sidan eg pusta liv i Fint i kvardagen. 365 dagar sidan eg bestemde meg for at "Dette vil eg gjere" og sa "Hei" for fyrste gong. Det er eg glad for at eg gjode.Eg mer...

Det er noko med polaroidbileter.

Høyre ein svak pipelyd akkurat når du tek opp kameraet og blittsen gjer seg klar til å feste eit augneblink på ein kvadratisk film. Ein tur langs Fjellveien, arm i arm med mamma. Ein ettermiddag på...

Kjære klassen min.

Kva skriv du eigentlig når du skal skildre dei tre beste åra ein nokon gong har hatt? Korleis pakkar ein saman ein del av livet sitt, kanskje den viktigste delen, i korte ord og settningar? Eg har ...

Oppstart.

Det tek litt tid å komme tibake til normal modus etter ein sommar med tusen nye opplevingar. Då kvardagen byrja att var det som den forvirra meg litt. Som om eg hadde gløymd korleis alt var for to ...

Ei litt stille tid i møte.

No er all min tid og energi og alle mine tanker retta fullstendig mot eventyret som byrjer på mandag. Heile meg dirrar av forventing og spenning. Eg gler meg så mykje at eg faktisk ikkje får satt o...

Åleinesøndag.

Det er så skrekkeleg skummelt å vere åleine nokon gonger. Men ikkje i dag. Eg hadde musikk på øyrene heile dagen og spelte mi eiga blanding av alt mogleg. Åt lang frukost. Las avisa akkurat så leng...

Eittusentrehundre sider med inspirasjon.

Style Book - Fashionable inspiration, Elizabeth Walker. The Sartorialist, Scott Schuman. Face Hunter, Yvan Rodic. Budapest, New York, Reykjarvik, Moskva, Istanbull, Milano. På eit gatehjørne, unde...

Nytt punkt.

Eg har ein raud notatbok med kvite prikkar. I den skriv eg ned alt eg syns er fint i små punkt. Alt frå store ting som nordlys, til små ting som lukta av Palmolive handsåpe. I dag førte eg opp e...

Unnskyld.

Det vart ein liten kunstpause frå kreativieten og fotograferingen og blogginga, men hei og hå no er eg på'an igjen!

Då verda stoppa ved bryggekanten.

Det er nokre greier ein berre ikkje kan forklare. Det sit i magen, kriblar i tærne, ligg i lufta, er som musikk, roar pusten.Hytteturen til Io er ein slik greie.Eg reiste saman med den beste bukett...

Albert Åberg.

Husker de den fine, gule mumitrollkorthaldaren min? Den brukte eg så mykje at den gjekk heilt opp i liminga. Derfor måtte eg ha ny, og valet falt på ein blå Albert Åberg denne gongen.Å, som eg elsk...

På lista over dei beste stadane eg veit.

Ein gong skal eg laga ei liste til dykk over dei beste stadane eg veit om. Ein av dei vil vere Krok og krinkel. Før eg skulle på avsluttning med folka som ligg mitt hjarte nærast trengte eg desper...

Dei fire beste tinga med bursdagsfeiringar.

1.At folk pyntar seg og har små fine detaljar rundt halsen og i håret. 2. At folk er i så godt humør når dei er med å feirar nokon. 3. At me dansar, dansar, dansar. 4. At det er lov å leik...

Vanskeleg morgo.

Kvar einaste morgo løyser eg sudokuen bakerst i BT. Prøver å få i gong eit trøytt morgohovud med litt hjernetrim i form av små tal. Det fungerer fint. I dag klarte eg for første gong å løyse brett...

Meir av dei perfekte jazzkveldane.

Her er resten av min nattjazzoppleving i kortpusta settningar og små ord. Solfaktor 30 på nasen. Le kjempehøgt. Swingrytmer. Balkanrytmer. Forsvinne i ei musikalsk draumeverd. Kontrabass. Lyse kve...

Perfekte jazzkveldar.

Nattjazz 2012. 23. mai til 2. juni.Eg får ikkje heilt til å formulere kor fantastisk det var å oppleve nattjazz. Mest fordi det er så mykje å sei. Hordar av kjennslar og inntrykk, små og store. Det...

Like nydeleg som sommervêret.

Sjølv om eg nesten smeltar i sola gir Natalie Portman meg forsatt frysningar. Berre fordi ho er så ubeskriveleg vakker.

Til lykke med dagen, kjære Noreg!

Nasjonaldagen i 2011 såg slik ut gjennom ei analog kameralinse.Så langt på nasjonaldagen i år har eg åte ein frukost som var ein nasjonaldag verdig, kjøpt is sjølv om det småregna og dansa gjennom ...

Tre raude dagar ignen.

I år er eg russ. Derfor et eg frukost i ein rundkjøring, feirar bursdagen til ein lærar som ikkje har bursdag, et ein ostepopp-pose på 7 minuttarog den slags. No skal eg kose meg med dei finaste ra...

Gleda av å vere på loppemarked.

Torsdagslukka var då eg fann ut at det skulle vere loppemarked på Rothaugen skule i helga. Laurdagslukka var då eg åt frukost med mor og far, fortalte dei eg skulle på loppis, og dei sa dei ville v...

Bunad, fruktsalat og Stevie Wonder.

Konfirmasjonar er så koseleg. Folk seier fine ting om den unge, gøye historiar frå dei var bittesmå, gode råd vidare. Me åt fruktsalat og ostekake, som er noko av det beste eg veit. Eg gjekk i grøn...

Dagen blir beitre med mandelbolle og Hepburn.

Starta dagen med ein skikkelig dårleg skuledag. Så bestemte eg meg for at det skal ikkje få øydelegge dagen min, og straks vart alt litt beitre. Eg henta bileter som var ferdig framkalla. Det var ...

Endå ein bursdagskveld.

Fortida fyller alle år. Og no som byen har tatt på seg vår-smilet er det perfekt å ta på seg blomekjole og gå å feire folk du er glad i. Siden nokon av oss er russ i år var det mange raudkledde ...

Då som no.

Eg gjer det same som eg gjorde då eg var nokre knappe år; er ute i det strålande vêret og smilar med stor munn. Har dessverre ingen ballong. Men er like glad.Ha ein fin dag du også!

Ein bursdagskveld.

Det var den kvelden me var invitert til Elisabeth. Ho hadde bursdag og var årets vakkraste bursdagsborn, og me hadde med bursdagsvin. Det var den kvelden me dansa masse masse og Johanne var linselu...

Le, elsk, lev.

Borneselskap er kanskje dei beste selskapa eg veit om. På søndag feira eg 10-årsdagen til min fetter Magnus. Besøket var i aldersgruppa sju månader til litt over 50 år. Den beste aldersgruppa sp...

Kjære Marte.

I dag har du bursdag. Derfor vill eg gjerne sei gratulerer på alle moglege måter. Fordi me ler høgare enn alle andre. Et kake frå midten. Sender mentale rosehager til kvarandre. Drikk solbærtodd...

A wiseman told me.

Alt som er fint og sjarmerande og gøy og bra har Grandma's Tea Party samla i den heilt nye musikkvideoen dei slapp i dag! Rykande fersk sjarmbombe innspelen i London. Eg har aldri i heile mitt liv ...

Å drikke kaffe i solnedgong.

Hei. Er du i byen? Finne på noe i solen? :) Det endte med at me gjekk tur til Fløyen. Tre gutar, to jenter. Kveldssola klarte ikkje heilt å bryte gjennom det gåre skydekket, men titta fram i nokre...

Ei framkalling med berre gode kveldar 2.

To kveldar me plugga i diskokule og dansa akkurat slik me ville. Ein kveld med Jonas Alaska og ein kveld med Forza. Eg helste på nye andlet og vart glad då dei nye var superhygglege. Akkurat kva me...

I spy with my little eye.

Fredag var ein god dag. Rundt ettermiddagstider pynta eg meg sånn passe mykje, gjekk ut og kjøpte fransk raudvin. Med Mikhael Paskalev billettar i jakkelomma reiste eg til Marte. Saman med Ingvild ...

Ei framkalling med berre gode kveldar.

Forleden dag henta eg nokre bileter eg hadde levert for framkalling. Det var bileter frå eit eingongskamera, og eg hadde inga aning om kva som var på det. Då eg bladde meg gjennom bileta såg eg ...

Hjå Mimmi.

Då eg var lita syns eg mormor var for vanskeleg å sei. Derfor sa eg Mimmi istaden, og det har eg forsatt med siden.I går åt me påskemiddag hjå Mimmi. Leiligheita hennar har fulle bokhyller, kryssor...

Himmel og jord.

Dette saknar eg. Å ligge på ryggen i sumargrønt gras i ei kjole med blomar på og sjå opp på ein blå himmel. Sjå korleis skyane vert til dragar og kaninar og store hattar med fjær. Ta av skorne og v...

Sol og smil.

Med eitt var sola her. Kraup inn skråvindauget mitt og slo seg til ro på sengeteppet. Eg pustar djupt og lett og finn frem eingongskamerabileter av vener med breie smil. Festsmil. Lattersmil. Jordb...

Time.

Kom på denne fårestillinga i Grieghallen i dag eller i morgo! Dans og sang og gullsko og gitarsoloar og tutu skjørt og håplaus kjærleik. Det blir fantastisk! Vert fremført av elevar ved musikk og d...
hits