mai 2012

Alt er så varmt og fint og skinnande.

I dag går eg i tøysko, hårband og gul lakkveske medan varm luft stryk meg i nakken. Ordentlege sommerklede. Eg er vinterbleik, men smilar likevel.

Like nydeleg som sommervêret.

Sjølv om eg nesten smeltar i sola gir Natalie Portman meg forsatt frysningar. Berre fordi ho er så ubeskriveleg vakker.

Heilt i enden av eit kvitt ark.

Nokon gonger treng eg å ikkje gjere det eg eignetlig skal gjere og heller teikne fargerike, mønstrete fuglar.Så medan eg venter på å ikkje vere sjuk lenger gjer eg akkurat det.

Til lykke med dagen, kjære Noreg!

Nasjonaldagen i 2011 såg slik ut gjennom ei analog kameralinse.Så langt på nasjonaldagen i år har eg åte ein frukost som var ein nasjonaldag verdig, kjøpt is sjølv om det småregna og dansa gjennom ...

Tre raude dagar ignen.

I år er eg russ. Derfor et eg frukost i ein rundkjøring, feirar bursdagen til ein lærar som ikkje har bursdag, et ein ostepopp-pose på 7 minuttarog den slags. No skal eg kose meg med dei finaste ra...

Akkurat no ønsker eg meg dette.

Eit orange skjørt og prikkete strømpebukser. Hurra for fargar og mønster!

Gleda av å vere på loppemarked.

Torsdagslukka var då eg fann ut at det skulle vere loppemarked på Rothaugen skule i helga. Laurdagslukka var då eg åt frukost med mor og far, fortalte dei eg skulle på loppis, og dei sa dei ville v...

Bunad, fruktsalat og Stevie Wonder.

Konfirmasjonar er så koseleg. Folk seier fine ting om den unge, gøye historiar frå dei var bittesmå, gode råd vidare. Me åt fruktsalat og ostekake, som er noko av det beste eg veit. Eg gjekk i grøn...

Dagen blir beitre med mandelbolle og Hepburn.

Starta dagen med ein skikkelig dårleg skuledag. Så bestemte eg meg for at det skal ikkje få øydelegge dagen min, og straks vart alt litt beitre. Eg henta bileter som var ferdig framkalla. Det var ...

Medan det regner på skråvindauget mitt.

Eg blar i ei barnebok om korleis biene lagar honning og venter på at bakken skal bli tørr igjen, så eg kan gå med småsko.

Endå ein bursdagskveld.

Fortida fyller alle år. Og no som byen har tatt på seg vår-smilet er det perfekt å ta på seg blomekjole og gå å feire folk du er glad i. Siden nokon av oss er russ i år var det mange raudkledde ...

Då som no.

Eg gjer det same som eg gjorde då eg var nokre knappe år; er ute i det strålande vêret og smilar med stor munn. Har dessverre ingen ballong. Men er like glad.Ha ein fin dag du også!
hits